Kategorier

onsdag 11. mai 2016

Hennar song

Eg er våt som november og yr som april.
Eg er sommarens strender og heilt utan tvil.
Eg er ljosaste dagen og svartaste jord,
og eg såg at du grein da eg fòr.

La meg gå.
Eg skal ikkje fara så langt her i frå.
Du vert ikkje borte som teikning i sand,
eg veit du er noko til mann.

Eg vil ikkje vere ein engel på jord.
Eg vil leve eit liv, ikkje livet i fjor.
Eg er blod, eg er kropp, ikkje høgstemte ord,
og eg såg at du grein da eg fòr.

           La meg gå.
           Eg vil ikkje vere eit jordbær på strå.
           Eg gav deg den draumen eg såg at du bar,
           eg veit du er noko til kar.

1 kommentar: