Kategorier

søndag 14. juni 2015

Eg gjekk og hutra ein grå morgon på veg til jobb


Eg gjekk og hutra ein grå morgon på veg til jobb, passa meg for issvullane, og tenkte: Kven har sagt at det er ditt lodd i livet å vere lukkeleg? Du har hatt dine tider av rus og nærvær, dei gjekk over, anten fordi dei vart trampa på eller fordi du sjølv ikkje våga eller trudde. Eller fordi du var ein tjuv og måtte levere byttet tilbake eller fordi den store sjølv sa stopp. Eller fordi … eg veit ikkje, tenkte eg, eigentleg skjønner eg ingenting, sjølv om tankane heile tida kverner rundt av seg sjølve, dei går på egen motor, på sjølvstyrte musklar. Liksom hjartet pumper blodet, drivast tankane rundt i et krinslaup, rundt og rundt. Og eg tenkte at dette vesle rusket i blodet mitt som ein dag vil forårsake at eg ein grå morgon på veg til jobb, mens eg passer meg for issvullane, faller om på gata mens framande menneske stimlar saman om meg, ein av dei drar opp mobilen og ringer etter ambulanse, kor mye slikt rusk er det ikkje også i tankane mine, der dei driver rundt og vender tilbake som vrengebilete av kvarandre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar