og det var tjue minus minst på jorda
eg hadde vottar innpakka i snø
og speika laken hang til tørk på snora
og lukta vinterljos og frost og sjø
og lak’na hadde klypene i nakken
var gnura kvite og hengt ut til kveik
så fri for skit og lort og slik var takken
dei hang så stive der og skreik
før dei blei bretta ned i lange korger
og så hengt opp på loftet heilt til slutt
der grubla dei på død og gamle sorger
for natta var så lang og dagen stutt
og eg var åtte år i denne verda
då alt sto stilt og ikkje noko brast
og eg var raud i kinna, sprengt i blæra
eg sleika på stativet og hang fast
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar